Sider

“The most terrible poverty is loneliness, and the feeling of being unloved.”

fredag 10. april 2009

"Ellers då?"

I dag tok eg turen inn på msn, også kalt windows live messenger, for å dele mitt fantastiske nærvær med fleire enn berre katten.. Då eg logga på msn dukka d opp ei rute nederst på dataskjermen som blinkar i ein intens oransje farge.. når eg opna den står d "Hei".. etter at eg hadde gitt min vanlige respons "hei du!", kan du tippe ka som dukka opp etter neste intense blink..: "Ellers då?".. sjokk.. Eit typisk msn-ord.. Brukt i dei aller fleste samtaler for å halde samtalen i gong og presse ut all info frå personen i andre enden.. Brukast gjerne kvar gong ein går tom for samtale emne.. ein må jo unngå pinlig stillhet.. På ein måte kan d faktisk vera ett ganske bra spørsmål.. Ein lite pratsom person vil vell svare i minste laget, mens ein pratsom personar vrenger heile sjele.. Ein kan jo faktisk svare akkurat d ein vil på d spørsmålet syns eg.. D gjelder berre å få pressa ut all informasjon ein har om seg sjøl, kjærleiken, søsken, kusiner, besteforeldre og d ein ellers omgås med i kvardagen.. Mitt personlige svar på dette spørsmålet e: "joda du.. Bestemor har d fint ho.."

Eit problem med svaret mitt e at ingen skjønner ka eg snakker om.. så ka skal eg svare på d spørsmålet egentlig? Any idea??

søndag 22. mars 2009

Music Is A Type Of Sculpture

"Music, in performance, is a type of sculpture. The air in the performance is sculpted into something."
Frank Zappa

Har du vert på ein konsert med eit band du berre elsker, saman med fleire tusen andre fans, der stemningen og heile atmosfæren rundt deg forandrer seg etter den same musikken? Folk lever seg inn i dei ulike songane og både fortid og framtid forsvinn. Det er ingen andre plassar du heller vil vera enn akkurat der og akkurat då! Same kva vêr det er eller korleis du har det! Alt er liksom bra, i det øyeblikket! Det er noko alle bør få oppleve!!

"One good thing about music, when it hits you, you feel no pain."
Bob Marley

Eg har aldri hørt denne sangen live då, men det hadde vert så evig kult å vera saman med fleire andre der heile stemninga forandras etter denne songen. Den gjer meg ein fantastisk fredfull følelse som eg ikkje kan beskrive med ord! Men dei er oppløyst då, så blir nok litt vanskelig! Høyr og nyt:

onsdag 18. mars 2009

Friluftsliv på sitt beste








Eg har hatt ei fantastisk helg!! Eg har vert på friluftslivtur, der me gjekk på ski frå Dahle til Kvitingen. Me starta på fredags morgon etter morgonsamling, alle kom med fullpakka sekkar og skia i hendene i fullt regnutstyr, klar for ein veldig fuktig, men kjekk tur. For å komme oss til Dhale tok me først tog buss til Arna, der me måtte vente ein time. Det endte rett og slett opp i ein rask tur på Big Bite:D

Vidare her i frå tok me tog. På toget var det veldig fullt, så eg satt meg med ei koselig dame som var på tur med ein 5. klasse. Etter at eg hadde snakka litt med ho, så begynte ho, ut av det blå, å snakke om stjerner, eg skjønte ingenting. Det var jo så Gudfeldig. Det hadde seg nemleg sånn at eg skulle halde eit foredrag om stjerner på turen.

Me fekk oppleva dei fleste ulike vêrfohald, fører, terreng og landskap. Første dagen gjekk me i regn og skodde i bratta bakkar, medan snøen klistra seg i tjukke lag under skia. Andre dagen var det nydelig sol, litt overskya, knallbra føre og eit landskap du skal leita lenge etter. Søndag, den siste dagen, var det påskesnø, overskya og så flatt lys at me verken såg om bakkane gjekk opp eller ned.

På Fredag gjekk me opp 400 meter og brukte 4 timar på ei løype turistforeninga sa at me ville bruke 2 timar på. Me gjekk heilt til det vart mørkt utan å komme fram til der me skulle. Me måtte gje oss og sat opp telta utan å sjå noko meir enn det lommelyktene klarte å vise oss. Kalde, men glade, hoppa eg i min varme, nydelige dunsovepose! Men det varte ikkje lenge før det lagde rare lydar frå liggjeunderlaget mitt. Litt etter litt, sprakk det innvendig! Det vart ein einaste stor klump og kvar gong eg prøvde å leggje meg oppå klumpen, så flytta den seg til andre sida. Kjempe teit:P

Eg vakna tidlig, av at det pressa på blæra og teltet var lyst. Eg ante ikkje kva klokka var, men tippar ho var rundt sju, halv åtte. På teltet høyrdes det ut som om det var mykje vind ute, så eg snøra meg no godt inn i soveposen igjen, og tenkte eg skulle klare å halde meg litt lenger. Eg vekte Malene for å finne ut kva klokka var, men det var det ingen som visste. Etter kvart tredde på meg litt kalde, men ellers tørre telemarksko og kava meg over sekkane som stod samla i den lille kuldegropa i teltet. Eg tok opp glidelåsen og venta eigentleg ei kald oppleving. Men når stakk ut hovudet gløtta eg litt av himmelen, og den var blå! Resten av glidelåsen gjekk fort opp. Eg stod no med ytterst lite klede på og myste mot ei stor gul sol og såg utover eit landskap som lignande ein kjempe stor, glattblåst, kvit ørken, rett etter ein sandstorm.

Det var ikkje noko anna å gjera enn å vekke dei andre, og spenne skia fast for å sjekke ut områda. Eg og Malene gjekk opp på ein liten topp, og då utvida horrisonten seg endå meir! Der var det endå fleire snødekka fjell, så langt augo kunne sjå.

Heile laurdagen var eigentleg ubeskrivelig fantastisk! Folk gjekk i berre ullskjorta og alle var i godt humør. Det var mange nedoverbakkar og kvar gong me kom til ein bakke var det lika spanande å sjå kven som gjekk på tryne! Det var alltid nokon! Øystein og Frede hadde fekk også litt snø i skjegget eit par gongar;) Me gravde tre snøholer som me brukte cirka 5 timar på.

Søndagen var det tidleg opp for mi gruppe, for Frede kom inn og sa: "Denne snøhola kan rase om 1 minutt eller 1 time.. er ikkje lett å seie, men det bør tenke på å komme deko ut." Såg det eigentleg eg og. Taket nådde nermast ned i nasetuppen..;) Dette var også ein fin dag, men dårleg sikt, me visste verken om det gjekk opp eller ned, måtte nesten kaste snøballar framfor oss mens me gjekk for å sjekke.

tirsdag 10. februar 2009

lørdag 7. februar 2009

Lett, eg tar utfordringa!


No har eg tatt utfordringa frå Elisabet. Dette er mitt 6. bilete i mi 6. mappa. Biletet er frå ein fantastisk fisketur med mine kjære bergensar vener Marthe og Ida.. Tenkte eg måtte la dei få eit godt inntrykk av det å faktisk ha ein hage med plen, tett i sjøkanten. Dei er jo bymennesker og er ikkje vande med anna enn ein liten boks med gras på verandaen i høgblokka si stakkar!

Så me tok fiskestanga fatt og gjekk ut i vår supre sjøperla for å cruise på sjøen. Me prøvde fiskelukka ei lita stund, men gjekk etter kvart lei og snurra oss heller inn i eit ullteppe, medan me drakk kakao.. Kjempe koseleg.. Vertfall når det begynte å regne å me satt under båttaket, tørre og varme.

Sikkert like greitt me ikkje fekk napp, dei er jo tross alt bergensarar!



Utfordringa var:
  • Gå inn på mine bilder
  • Velg den 6. mappa
  • Finn det 6. biletet
  • skriv om det

tirsdag 13. januar 2009

Endelig Hett på Nett!

Etter eit halvt år med kraftig mas frå Elisabet, gav eg etter. Det var på tide å lage ein blogg så ho kunne få muligheten til å følgje med på mitt maks spanande liv både i egen person og skriftleg. Lese mine fantastiske djupe tankar, snodige bilete, ville filmar og mange andre godsaker her på min tankespredar.

Det viste seg å ikkje vera berre lett å lage blogg. Eg måtte setje meg ned, komme meg på dataen, skru han på, gå på internett, lage konto, blognamn, web-adresse, oppsett og lage første innlegg. Eg var innom ganske mange rare blognamn og web-adresser, som:
  • Lundelover
  • Elvehest
  • Lykketroll
  • Dynetrekk
  • Godtegomp
  • Do kost
  • Tørst (Elsker nora tørst)
Og mange andre meiningslause forslag.
Eg endte til slutt opp med Elisabet sitt namnforslag som då var Trekkoppbil.
Så VELKOMMEN til den etterlengta bloggen min "trekkoppbil"!! Håper på mange flotte, morosame, dristige og interessante kommentara!! Spesielt frå deg Elisabet;)