Sider

“The most terrible poverty is loneliness, and the feeling of being unloved.”

onsdag 24. juni 2009

Ein smakebit av himmelens godar!!

Etter ein lang dag på jobb, med våte, lettkledde badegjestar, ellers lite kundar og ei treig klokke som absolutt ikkje ville verte 17:00 fekk eg ein smakebit av himmelen! Det var så varmt at det einaste eg kunne tenke meg var å slappe av og nyte sola. Allereie 17.30 hadde eg hengt opp og plassert meg fint i ei Ugandisk hengekøye med utsikt over sjøen.. (og huset til Runar). Hengekøya forma seg etter kroppen og gav støtte til alle delar av kroppen. På mi venstre side stod ei stor tønne med isvatn, under meg var ein rabarbralante og eg hadde smurt meg godt inn med childrens sun lotion faktor 10. Men det var noko som mangla.. Eg sprang inn og henta den store 120 GB's IPOD-en min også kalla Børre Fritjof. Eg slengde meg opp igjen i hengekøya og skrudde Bob Marley med "three little birds" på fullt. EIN smakebit av himmelen! No veit eg kordan eg kjem til å ha det i hagen med Gud! Rett og slett Himmelsk!

Det var skjølvsagt nokon som meinte at eg hadde det litt for bra der eg hang og vart litt misunneleg. så han kom å pissa meg på leggen. For å seie det sånn han fekk meg ut av hengekøya og fekk den for seg sjølv... enn så lenge.. Hersens Pissemaur!!!! Han fekk ikkje ha hengekøya så veldig lenge for å seie det sånn! Som sagt i forrige innlegg. eg misslikar maur STErKT!!

Men men.. Livet er meint å ha sine torner, akkurat som rosa har sine.. Sjølv om du ligg og drøymer deg og tenker ingenting kan øydelggje idyllen no, så kan livet overaske deg! Visst me ikkje hadde hatt nedturane hadde ikkje oppturane vore noko oppturar for å sei det sånn:D

Akkurat som i hagen;D

lørdag 13. juni 2009

No veit eg kva LAMMIS er.. For å sei det sånn..!

Heilt til Bursdagen til Gunhild har mine svake og ganske så pinglete sider vert godt skjult med min dominerande manndom. Det heile byrja med at eg og Malene skulle planleggje ein blåtur for Gunhild.. Me drog ho med oss til Bergen, uten at ho skulle vete noko om kva som skulle komme.. Ho e eigentler ei jente som liker å ha kontroll, noko som gjorde det mykje morsommare at ho ikkje visste kva me skulle.. Me tok ho om bord i båten til Runar og køyrde ut på ein holme me kalla geitholmen (frå no av: værholmen). Der stod det to stilige, uskyldige vêrar (Albert Einstein og Alfred), Begge var skikkelig store med svære hovuder og svarte andlet. Dei tok i mot oss med opne armar, så me ante fred og ingen fare og slo oss ned for å grille. Eg som følte eg var på godfot med vêrane ville gjerne ha eit par bilete med dei, så eg og Malene gjekk på sauejakt for å få oss nokre blinkskot.. Etter kvart som me vart betre og betre kjend med vart dei rimeleg intime og strauk seg etter låret mitt.. Han strauk hardarer og hardarer, så rygga han litt, før ha tok fart og skaut hovudet inn i låret mitt.. Eg fekk ein skikkeleg lammis! Tru meg.. frå no av veit eg kor det navnet kom frå.. Eg var på veg for å springe ned fjellsida, men då sa Malene at eg ikkje måtte vise at eg var redd.. Ho fortsatte no å stryke på vêrane, heilt til Alfred tok et par steg bak og tok ein skikkeleg lammis på ho og.. No var det på tide å komme seg vekk.. så me sprang ned fjellsida, pakka saman og sprang i båten!.

Eg skjønner verkeleg ikkje kvifor dei vakre vene vêrane ville angripe to søte og uskyldige jenter på den måten.?? Me ville jo berre ta bilete med dei.. Okei.. Kanskje ikkje berre det.. Me tok kanskje ein liten ridetur på dei og for å få ekstra gode blinkskot.. Men ingen grunn til å verte sint tenker eg.. Så no har altså mine to svake sider komen ut i lyset... Eg e herved litt redd og forsiktig når det kjem til vêrar og til Maur (av andre grunnar).. Kva er du redd for?