Heilt til Bursdagen til Gunhild har mine svake og ganske så pinglete sider vert godt skjult med min dominerande manndom. Det heile byrja med at eg og Malene skulle planleggje ein blåtur for Gunhild.. Me drog ho med oss til Bergen, uten at ho skulle vete noko om kva som skulle komme.. Ho e eigentler ei jente som liker å ha kontroll, noko som gjorde det mykje morsommare at ho ikkje visste kva me skulle.. Me tok ho om bord i båten til Runar og køyrde ut på ein holme me kalla geitholmen (frå no av: værholmen). Der stod det to stilige, uskyldige vêrar (Albert Einstein og Alfred), Begge var skikkelig store med svære hovuder og svarte andlet. Dei tok i mot oss med opne armar, så me ante fred og ingen fare og slo oss ned for å grille. Eg som følte eg var på godfot med vêrane ville gjerne ha eit par bilete med dei, så eg og Malene gjekk på sauejakt for å få oss nokre blinkskot.. Etter kvart som me vart betre og betre kjend med vart dei rimeleg intime og strauk seg etter låret mitt.. Han strauk hardarer og hardarer, så rygga han litt, før ha tok fart og skaut hovudet inn i låret mitt.. Eg fekk ein skikkeleg lammis! Tru meg.. frå no av veit eg kor det navnet kom frå.. Eg var på veg for å springe ned fjellsida, men då sa Malene at eg ikkje måtte vise at eg var redd.. Ho fortsatte no å stryke på vêrane, heilt til Alfred tok et par steg bak og tok ein skikkeleg lammis på ho og.. No var det på tide å komme seg vekk.. så me sprang ned fjellsida, pakka saman og sprang i båten!.
Eg skjønner verkeleg ikkje kvifor dei vakre vene vêrane ville angripe to søte og uskyldige jenter på den måten.?? Me ville jo berre ta bilete med dei.. Okei.. Kanskje ikkje berre det.. Me tok kanskje ein liten ridetur på dei og for å få ekstra gode blinkskot.. Men ingen grunn til å verte sint tenker eg.. Så no har altså mine to svake sider komen ut i lyset... Eg e herved litt redd og forsiktig når det kjem til vêrar og til Maur (av andre grunnar).. Kva er du redd for?

Haha!! Du skriv så bra at eg sitt her og humre for meg sjøl! =)
SvarSlettAlfred og Albert Einstein!? =D Tidi!!
Min svakhet? Veps. treng eg seinåkke meir!?
Neida. har faktisk komme meg på det stadiet.. no e det.. at menneskene mine på The SIms skal dø. Kødda! Va det først eg kom på siden det stod ett cover her =p Menne.. Ja! Innlegget va bra!
Eg e redd for kyr!
Takk for d du:D
SvarSlettHehe.. du treng vell egentlig ikkje sei meir nei.. Eg kan nok sjå deg for meg der du spring og heldt deg for naso med ein veps i summande eit par meter bak;) E du redd for kyr=?? Hehe.. de e jo koselige.. eg har ridd på ei kyr og melka den.. og den stanga meg ikkje for å sei d sånn.. så koselige dyr..:P