Etter ein lang dag på jobb, med våte, lettkledde badegjestar, ellers lite kundar og ei treig klokke som absolutt ikkje ville verte 17:00 fekk eg ein smakebit av himmelen! Det var så varmt at det einaste eg kunne tenke meg var å slappe av og nyte sola. Allereie 17.30 hadde eg hengt opp og plassert meg fint i ei Ugandisk hengekøye med utsikt over sjøen.. (og huset til Runar). Hengekøya forma seg etter kroppen og gav støtte til alle delar av kroppen. På mi venstre side stod ei stor tønne med isvatn, under meg var ein rabarbralante og eg hadde smurt meg godt inn med childrens sun lotion faktor 10. Men det var noko som mangla.. Eg sprang inn og henta den store 120 GB's IPOD-en min også kalla Børre Fritjof. Eg slengde meg opp igjen i hengekøya og skrudde Bob Marley med "three little birds" på fullt. EIN smakebit av himmelen! No veit eg kordan eg kjem til å ha det i hagen med Gud! Rett og slett Himmelsk!
Det var skjølvsagt nokon som meinte at eg hadde det litt for bra der eg hang og vart litt misunneleg. så han kom å pissa meg på leggen. For å seie det sånn han fekk meg ut av hengekøya og fekk den for seg sjølv... enn så lenge.. Hersens Pissemaur!!!! Han fekk ikkje ha hengekøya så veldig lenge for å seie det sånn! Som sagt i forrige innlegg. eg misslikar maur STErKT!!
Men men.. Livet er meint å ha sine torner, akkurat som rosa har sine.. Sjølv om du ligg og drøymer deg og tenker ingenting kan øydelggje idyllen no, så kan livet overaske deg! Visst me ikkje hadde hatt nedturane hadde ikkje oppturane vore noko oppturar for å sei det sånn:D

Akkurat som i hagen;D
ÅÅ! Eg digge innleggene dine!!
SvarSlettTenk om eg kunne ha skreve lika bra og meiningsfullt som deg!? Eg elsker å lese bloggen din, av alle blogger. Eg ekje typen til å lese, men dine les eg høgt og minst to gonga! Og ler! :) Mamma spør ka so går av meg og eg seie berre "YEES! HILDEGUNN HAR OPPDATERT BLOGGEN SIN!" Med det største og mest tann anti-skjulende colgate smilet i verden! SMASK!! Elska kusino mi, Hildegunn! <3
HAHA.. Takk takk Janna.. No begynner eg å få litt prestasjonsangst her:P Eg like at du kommentere.. e så få som gjer d.. eg e for så vidt ein av dei som sjeldent kommenterer.. men gøy å FÅ kommentarer:P Eg og Elska kusino mi.. JAnne!<3<3
SvarSlettDu må for all del ikkje få presentasjonsangst. Berre ikkje tenk på det, skriv som du alltid gjer! Det gleder!
SvarSlettSelføølgelig var det Torstein. Eg kan fortella deg seinere litt meir detaljert. Ein gong me e overtrøtte. Som på SKJÆRGÅRDS MUSIC AND MISSION FESTIVAL NESTE VEKA!!! <3<3<3<3<3<3<3