Eg er godt etablert på det nye rommet i mi skyhøge himmelseng! Frå den ser eg rom-venninnene mine i fugleperspektiv og observerer kulturelle forskjeller som befinner seg innad dei fire veggene. I etasjen under meg, har eg Ruth frå Bolivia som for det meste snakker spansk og nederst i senge-stabelen finner du Anette frå Kristiansand som berre snakker sørlandsdialekt! Berre det er jo nok til å få kultursjokk av ;)
Skuledagane varer frå 9:00 til 16:00, og eg må innrømme at eg nyt kvart sekund av dei til no! Det er utruleg godt å få litt innskot med ny lærdom etter eit år på folkehøgskule. Me lærer mykje om alt frå misjon, ledertrening og bibelen til bistand, fattigdomsbekjemping og kultur! Ikkje berre får me undervisning frå gode lærarar, men og frå kvarandre. Folk frå Serbia, Brasil, Uganda, Thailand osv. skal alle få koma med sine meiningar og erfaringar!
No har eg akkurat komen heim frå tre dagar i fjellet, utan klokke, mobil, ipod eller andre tekniske ting. Me fekk erfare å vera del av eit team, takle utfordringar saman og halde humøret og positiviteten oppe. Av dei internasjonale var det nok mange som gjekk den lengste fjellturen i sitt lange liv! Og det i regn! Dei har eit imponerande humør og lagar liv og røre kor enn dei går. Det er både interessant og inspirerende. I tillegg til at det kanskje var den første fjellturen for nokon, måtte dei prøva å gå i blinde. Det var snakk om å stole fullt på buddien og gjera som han sa. For dei fleste gjekk det veldig bra, men ikkje for alle. Det var særleg ein latter som skar igjennom, så eg måtte ta av med binde for auga og sjå kva som skjedde. Det var ei lita søt jente frå Thailand som skulle lede buddien sin, men ho berre dytta litt i han og såg på at han falt og kava seg bortover! Veit ikkje heilt om eg ville stolt heilt og fullt på at ho skulle få meg trygt heim, men det gjekk vertfall bra!
Så mett og god av opplevingar small talk, slår eg meg no ned for å koble heilt ut med Paramore og andre godbitar :D
Mi kjære hildegunn! Så bra du skriv! Det vert spanande å fylgje deg :) masse lukke til!
SvarSlett